22 Men då vaktmennene kom dit, fann dei ikkje apostlane. Dei kom tilbake og melde:
23 «Vi fann fengselet forsvarleg stengt, og vaktene stod ved portane. Men då vi lét opp, fann vi ingen der inne.»
24 Denne meldinga gjorde overprestane og sjefen for tempelvakta rådville, og dei undra seg på kva dette kunne vera.
25 I det same kom det ein og fortalde: «Dei mennene de sette i fengsel, står no på tempelplassen og underviser folket.»
26 Sjefen for vakta og mennene hans drog då av stad og henta dei, men utan å bruka makt; dei var redde for å bli steina av folket.
27 Så tok dei apostlane med seg og stilte dei fram for Rådet. Og øvstepresten tok til å spørja dei ut:
28 «Forbaud vi dykk ikkje strengt å undervisa om dette namnet? Og no har de fylt heile Jerusalem med læra dykkar og vil leggja skulda for blodet til denne mannen over på oss.»