1 På denne tida, då talet på læresveinar stadig auka, tok dei gresktalande til å klaga på dei hebraisktalande fordi deira eigne enkjer vart sette til sides ved den daglege hjelpetenesta.
2 Dei tolv kalla då saman alle læresveinane og sa: «Det er ikkje rett at vi forsømer Guds ord for å gjera teneste ved borda.
3 Vel no ut blant dykk, brør, sju menn som har godt ord på seg og er fylte av Ande og visdom. Dei set vi til denne oppgåva.
4 Sjølve skal vi halda oss til bøna og tenesta med Ordet.»
5 Dette framlegget vart godt motteke av heile forsamlinga. Og dei valde Stefanus, ein mann full av tru og Heilag Ande, og Filip, Prokoros, Nikanor, Timon, Parmenas og Nikolaus, ein proselytt frå Antiokia.
6 Desse førte dei fram for apostlane, som bad og la hendene på dei.
7 Guds ord breidde seg ut, og talet på læresveinar i Jerusalem auka sterkt. Ein stor flokk av prestane vart òg lydige mot trua.