5 Dette framlegget vart godt motteke av heile forsamlinga. Og dei valde Stefanus, ein mann full av tru og Heilag Ande, og Filip, Prokoros, Nikanor, Timon, Parmenas og Nikolaus, ein proselytt frå Antiokia.
6 Desse førte dei fram for apostlane, som bad og la hendene på dei.
7 Guds ord breidde seg ut, og talet på læresveinar i Jerusalem auka sterkt. Ein stor flokk av prestane vart òg lydige mot trua.
8 Stefanus var full av nåde og kraft og gjorde store under og teikn mellom folket.
9 Då stod det fram nokre frå den synagogen som vart kalla «Synagogen for frigjevne og for kyrenearar og aleksandrinarar». Saman med jødar frå Kilikia og Asia gav dei seg i ordskifte med Stefanus.
10 Men dei kunne ikkje stå seg mot den visdom og ånd som han tala med.
11 Då fekk dei i løynd lokka nokre menn til å seia: «Vi har høyrt han seia spottande ord mot Moses og Gud.»