1 Øvstepresten spurde: «Er det sant, dette?»
2 Stefanus svara:«Brør og fedrar, høyr på meg! Herlegdomens Gud synte seg for Abraham, far vår, medan han var i Mesopotamia, før han slo seg ned i Harran,
3 og sa til han: ‘Dra bort frå landet ditt og frå slekta di til det landet som eg skal syna deg!’
4 Då drog han frå Kaldearlandet og busette seg i Harran, og etter at far hans var død, lét Gud han flytta derifrå til dette landet der de no bur.
5 Gud gav han ikkje noka jord til eige der, ikkje så mykje som ei fotbreidd; men han lova å gje han og ætta hans landet i eige, endå han ikkje hadde born.