13 Andre gongen dei kom, gav Josef seg til kjenne for brørne sine, og farao fekk vita om ætta hans.
14 Då sende Josef bod og kalla til seg Jakob, far sin, og heile ætta – syttifem personar.
15 Så reiste Jakob ned til Egypt, og der enda han sine dagar, både han og fedrane våre.
16 Dei vart førte til Sikem og lagde i den grava som Abraham hadde kjøpt for sølv av sønene til Hamor i Sikem.
17 Etter kvart som det leid fram mot den tida då Gud skulle setja i verk det han hadde lova Abraham, voks folket og vart talrikt i Egypt.
18 Det stod fram ein ny konge i Egypt, ein som ikkje visste om Josef.
19 Han fór fram med list mot folket vårt, var hard med fedrane våre og tvinga dei til å setja ut spedborna sine, så dei ikkje skulle få leva opp.