20 På den tida vart Moses fødd. Han var eit vakkert barn i Guds auge. I tre månader vart han fostra i huset til far sin.
21 Så vart han sett ut. Men dotter til farao tok han opp og fostra han som sin eigen son.
22 Såleis fekk Moses opplæring i all egyptisk visdom, og han var full av kraft både i ord og i gjerning.
23 Då han hadde fylt førti år, fekk han hug til å sjå korleis det gjekk med landsmennene sine, Israelsfolket.
24 Og då han såg ein som leid urett, kom han mannen til hjelp. Han slo egyptaren i hel, så den mishandla fekk retten sin.
25 Han trudde at landsmennene hans kom til å skjøna at Gud ville bruka han til å berga dei, men dei skjøna det ikkje.
26 Dagen etter kom han over to menn som slost, og han prøvde å forlika dei og sa: ‘De er då brør! Kvifor gjer de urett mot kvarandre?’