25 Han trudde at landsmennene hans kom til å skjøna at Gud ville bruka han til å berga dei, men dei skjøna det ikkje.
26 Dagen etter kom han over to menn som slost, og han prøvde å forlika dei og sa: ‘De er då brør! Kvifor gjer de urett mot kvarandre?’
27 Men han som hadde gjort urett mot landsmannen sin, skuva han til sides og sa: ‘Kven har sett deg til leiar og dommar over oss?
28 Tenkjer du å drepa meg, slik du drap egyptaren i går?’
29 Desse orda fekk Moses til å rømma, og han slo seg ned som innflyttar i Midjan, der han fekk to søner.
30 Då førti år var gått, synte ein engel seg for han i øydemarka ved Sinai-fjellet, i logen frå ein brennande klungerbusk.
31 Moses såg dette synet og undra seg. Då han gjekk nærare for å sjå etter, lydde Herrens røyst: