29 Desse orda fekk Moses til å rømma, og han slo seg ned som innflyttar i Midjan, der han fekk to søner.
30 Då førti år var gått, synte ein engel seg for han i øydemarka ved Sinai-fjellet, i logen frå ein brennande klungerbusk.
31 Moses såg dette synet og undra seg. Då han gjekk nærare for å sjå etter, lydde Herrens røyst:
32 ‘Eg er dine fedrars Gud, Abraham og Isak og Jakobs Gud.’ Men Moses skalv av redsle og våga ikkje sjå opp.
33 Då sa Herren til han: ‘Ta skorne av føtene! For staden du står på, er heilag grunn.
34 Eg har sett korleis folket mitt blir plaga i Egypt og har høyrt korleis dei klagar. Eg har stige ned for å fria dei ut. Gå no! Eg sender deg til Egypt.’
35 Det var denne Moses dei ikkje ville vita av då dei sa: ‘Kven har sett deg til leiar og dommar?’ – og det var han Gud sende til leiar og bergingsmann, med hjelp av engelen som synte seg for han i klungerbusken.