37 Han var det som sa til israelittane: ‘Gud skal la det stå fram ein profet som meg mellom dykk, ein av dykkar eigne brør.’
38 Då folket var samla i øydemarka, var det òg han som var saman både med fedrane våre og med engelen som tala til han frå Sinai-fjellet. Moses tok imot levande ord som han skulle gje oss.
39 Men fedrane våre ville ikkje lyda han. Dei viste han frå seg, og i sitt hjarte vende dei attende til Egypt,
40 og dei sa til Aron: ‘Lag gudar til oss som kan gå føre oss. For vi veit ikkje kva som har hendt med denne Moses som førte oss ut frå Egypt.’
41 På den tida laga dei ein kalv og bar fram offer til denne avguden og gledde seg over eit verk av sine eigne hender.
42 Då vende Gud seg frå dei og lét dei tilbe himmelhæren, som det står skrive i profetboka: Bar de fram for meg slaktoffer og gåver dei førti åra i ørkenen, Israels hus?
43 Nei, de bar med dykk teltet til Molok og stjerna til Refan, guden dykkar, bileta som de laga og tilbad. Men eg vil flytta dykk bortanfor Babylon.