4 Då drog han frå Kaldearlandet og busette seg i Harran, og etter at far hans var død, lét Gud han flytta derifrå til dette landet der de no bur.
5 Gud gav han ikkje noka jord til eige der, ikkje så mykje som ei fotbreidd; men han lova å gje han og ætta hans landet i eige, endå han ikkje hadde born.
6 Og Gud sa til han at ætta hans skulle bu som innflyttarar i eit framandt land, der dei skulle vera slavar og bli plaga i fire hundre år.
7 ‘Men det folket dei skal vera slavar for, vil eg dømma’, sa Gud, ‘og så skal dei dra ut og tena meg på denne staden.’
8 Og Gud gav han omskjeringspakta. Så fekk han sonen Isak og omskar han den åttande dagen. Det same gjorde Isak med Jakob, og Jakob med dei tolv stamfedrane.
9 Fedrane vart misunnelege på Josef og selde han til Egypt. Men Gud var med han
10 og berga han ut av all naud. Han gav han visdom og lét han vinna godvilje hos farao, egyptarkongen, og kongen sette han til å styra Egypt og heile sitt hus.