44 I øydemarka hadde fedrane våre vitnemålsteltet, det som Moses skulle laga etter det førebiletet han fekk sjå, slik han som tala til Moses, hadde gjeve påbod om.
45 Fedrane våre fekk det i arv, og under Josva tok dei det med seg inn i det landet dei fekk i eige etter dei folkeslaga som Gud dreiv bort framfor dei. Slik var det heilt til Davids dagar.
46 Han fann nåde hos Gud og bad om å få sørgja for ein bustad til Jakobs hus.
47 Men det vart Salomo som bygde eit hus for Gud.
48 Likevel bur ikkje Den høgste i noko som er bygd av menneskehand. For såleis talar profeten:
49 Himmelen er mi trone, og jorda er min fotskammel. Kva slag hus kan de byggja for meg, seier Herren, eller kvar er staden der eg kan kvila?
50 Er det ikkje mi hand som har skapt alt dette?