46 Han fann nåde hos Gud og bad om å få sørgja for ein bustad til Jakobs hus.
47 Men det vart Salomo som bygde eit hus for Gud.
48 Likevel bur ikkje Den høgste i noko som er bygd av menneskehand. For såleis talar profeten:
49 Himmelen er mi trone, og jorda er min fotskammel. Kva slag hus kan de byggja for meg, seier Herren, eller kvar er staden der eg kan kvila?
50 Er det ikkje mi hand som har skapt alt dette?
51 Stivnakka er de, og uomskorne på hjarte og øyre! Alltid står de Den heilage ande imot, de som fedrane dykkar.
52 Kven av profetane var det fedrane dykkar ikkje forfølgde? Dei drap dei som på førehand forkynte at Den rettferdige skulle koma. Og han har de no svike og slege i hel,