48 Likevel bur ikkje Den høgste i noko som er bygd av menneskehand. For såleis talar profeten:
49 Himmelen er mi trone, og jorda er min fotskammel. Kva slag hus kan de byggja for meg, seier Herren, eller kvar er staden der eg kan kvila?
50 Er det ikkje mi hand som har skapt alt dette?
51 Stivnakka er de, og uomskorne på hjarte og øyre! Alltid står de Den heilage ande imot, de som fedrane dykkar.
52 Kven av profetane var det fedrane dykkar ikkje forfølgde? Dei drap dei som på førehand forkynte at Den rettferdige skulle koma. Og han har de no svike og slege i hel,
53 de som tok imot lova etter påbod av englar, men ikkje har halde henne.»
54 Då dei høyrde dette, vart dei rasande og skar tenner mot han.