7 ‘Men det folket dei skal vera slavar for, vil eg dømma’, sa Gud, ‘og så skal dei dra ut og tena meg på denne staden.’
8 Og Gud gav han omskjeringspakta. Så fekk han sonen Isak og omskar han den åttande dagen. Det same gjorde Isak med Jakob, og Jakob med dei tolv stamfedrane.
9 Fedrane vart misunnelege på Josef og selde han til Egypt. Men Gud var med han
10 og berga han ut av all naud. Han gav han visdom og lét han vinna godvilje hos farao, egyptarkongen, og kongen sette han til å styra Egypt og heile sitt hus.
11 Så vart det uår i heile Egypt og Kanaan, og nauda var stor. Fedrane våre fekk ikkje tak i mat.
12 Men Jakob høyrde at det var korn i Egypt, og han sende fedrane våre dit første gongen.
13 Andre gongen dei kom, gav Josef seg til kjenne for brørne sine, og farao fekk vita om ætta hans.