18 Men då Simon såg at Anden vart gjeven når apostlane la hendene på dei, baud han dei pengar
19 og sa: «Gjev meg òg denne makta, så den eg legg hendene på, kan få Den heilage ande!»
20 Men Peter sa til han: «Måtte pengane dine gå til grunne saman med deg, du som tenkte at du kunne kjøpa Guds gåve for pengar!
21 Du har ingen lut eller del i dette, for hjartet ditt er ikkje rett i Guds auge.
22 Vend om frå denne vondskapen din, og be til Herren, så kanskje han vil tilgje deg at du ber slik ein tanke i hjartet ditt.
23 For eg ser at du er full av bitter galle og lenkja til vondskap.»
24 Då sa Simon: «De må be til Herren for meg, så ikkje noko av det de no har sagt, skal koma over meg.»