2 Nokre fromme menn gravla Stefanus og heldt ei stor dødsklage over han.
3 Men Saulus fór hardt fram mot forsamlinga. Han trengde seg inn i hus etter hus og drog ut både menn og kvinner og fekk dei sette i fengsel.
4 Dei som var spreidde omkring, drog rundt og forkynte Ordet.
5 Filip kom ned til hovudstaden i Samaria, og der forkynte han Kristus.
6 Og alle som ein følgde godt med på det Filip sa når dei høyrde han og såg dei teikna han gjorde.
7 For mange hadde ureine ånder i seg, og dei fór ut med høge skrik, og mange lamme og halte vart lækte.
8 Det vart stor glede der i byen.