29 Då sa Anden til Filip: «Gå bort og hald deg attmed den vogna.»
30 Filip sprang dit bort og høyrde at han las frå profeten Jesaja. «Skjønar du det du les?» spurde han.
31 «Korleis kan eg vel det når ingen rettleier meg?» svara han. Og han bad Filip koma opp og setja seg ved sida av han.
32 Det stykket i Skrifta som han las, var dette: Lik ein sau dei fører til slakting, lik eit lam som teier når det blir klipt, lét han ikkje opp sin munn.
33 Då han var fornedra, vart dommen over han bortteken. Kven kan fortelja om hans ætt? For livet hans er rykt bort frå jorda.
34 Hoffmannen sa då til Filip: «Sei meg, kven er det profeten talar om her? Er det om seg sjølv eller om ein annan?»
35 Då tok Filip til orde. Han begynte med dette skriftordet og forkynte evangeliet om Jesus for han.