33 Då han var fornedra, vart dommen over han bortteken. Kven kan fortelja om hans ætt? For livet hans er rykt bort frå jorda.
34 Hoffmannen sa då til Filip: «Sei meg, kven er det profeten talar om her? Er det om seg sjølv eller om ein annan?»
35 Då tok Filip til orde. Han begynte med dette skriftordet og forkynte evangeliet om Jesus for han.
36 Medan dei køyrde frametter vegen, kom dei til ein stad der det var vatn, og hoffmannen sa: «Sjå, her er vatn. Kva er til hinder for at eg blir døypt?»
37 {{«Trur du av heile ditt hjarte, så kan det gjerast», sa Filip. «Eg trur at Jesus Kristus er Guds Son», svara han.}}
38 Så lét han vogna stansa, og dei steig ned i vatnet, både Filip og hoffmannen, og Filip døypte han.
39 Då dei steig opp av vatnet, rykte Herrens Ande Filip bort, og hoffmannen såg han ikkje meir. Han fór glad sin veg.