36 Medan dei køyrde frametter vegen, kom dei til ein stad der det var vatn, og hoffmannen sa: «Sjå, her er vatn. Kva er til hinder for at eg blir døypt?»
37 {{«Trur du av heile ditt hjarte, så kan det gjerast», sa Filip. «Eg trur at Jesus Kristus er Guds Son», svara han.}}
38 Så lét han vogna stansa, og dei steig ned i vatnet, både Filip og hoffmannen, og Filip døypte han.
39 Då dei steig opp av vatnet, rykte Herrens Ande Filip bort, og hoffmannen såg han ikkje meir. Han fór glad sin veg.
40 Men Filip fekk dei sjå att i Asjdod, og han forkynte evangeliet i alle byane han drog igjennom, heilt til Cæsarea.