4 Dei som var spreidde omkring, drog rundt og forkynte Ordet.
5 Filip kom ned til hovudstaden i Samaria, og der forkynte han Kristus.
6 Og alle som ein følgde godt med på det Filip sa når dei høyrde han og såg dei teikna han gjorde.
7 For mange hadde ureine ånder i seg, og dei fór ut med høge skrik, og mange lamme og halte vart lækte.
8 Det vart stor glede der i byen.
9 Ein mann som heitte Simon, hadde fare med trolldom i byen og sett folket i Samaria i stor undring. Han gav seg ut for å vera noko stort.
10 Alle var opptekne av han, og både små og store sa: «Han er den Guds kraft som kallast Den store.»