20 der han straks forkynte Jesus i synagogane og sa: «Han er Guds Son.»
21 Alle som høyrde på, vart fulle av undring og sa: «Er ikkje dette han som i Jerusalem ville rydda ut alle som kallar på dette namnet? Og kom han ikkje hit for å føra dei i lenkjer til overprestane?»
22 Men Saulus fekk meir og meir kraft, og jødane i Damaskus vart svar skuldige då han viste dei klårt at Jesus er Messias.
23 Då det hadde gått ei tid, vart jødane samde om å drepa han.
24 Men Saulus fekk høyra om planen deira. Dag og natt heldt dei vakt, også ved byportane, for å drepa han.
25 Men læresveinane hans fekk han ut om natta; dei firte han nedetter muren i ei korg.
26 Då han kom til Jerusalem, freista han å koma inn blant læresveinane. Men alle var redde han, for dei stolte ikkje på at han var ein læresvein.