22 Men Saulus fekk meir og meir kraft, og jødane i Damaskus vart svar skuldige då han viste dei klårt at Jesus er Messias.
23 Då det hadde gått ei tid, vart jødane samde om å drepa han.
24 Men Saulus fekk høyra om planen deira. Dag og natt heldt dei vakt, også ved byportane, for å drepa han.
25 Men læresveinane hans fekk han ut om natta; dei firte han nedetter muren i ei korg.
26 Då han kom til Jerusalem, freista han å koma inn blant læresveinane. Men alle var redde han, for dei stolte ikkje på at han var ein læresvein.
27 Då tok Barnabas han med seg til apostlane. Og han fortalde dei korleis Saulus på vegen hadde sett Herren, som hadde tala til han, og korleis han med frimod hadde forkynt i Jesu namn i Damaskus.
28 Sidan gjekk han ut og inn med dei i Jerusalem og tala frimodig i Herrens namn.