3 Men då han var på veg og nærma seg Damaskus, stråla det brått eit lys frå himmelen omkring han.
4 Han stupte til jorda og høyrde ei røyst som sa: «Saul, Saul, kvifor forfølgjer du meg?»
5 «Kven er du, Herre?» spurde Saulus. Han svara: «Eg er Jesus, han som du forfølgjer.
6 Stå opp og gå inn i byen! Der skal dei seia deg kva du skal gjera.»
7 Mennene som følgde han, stod mållause; dei høyrde røysta, men såg ikkje nokon.
8 Saulus reiste seg opp, men då han opna auga, kunne han ikkje sjå. Så tok dei han i handa og leidde han inn til Damaskus.
9 I tre dagar sat han der utan å sjå noko, og han verken åt eller drakk.