4 Han stupte til jorda og høyrde ei røyst som sa: «Saul, Saul, kvifor forfølgjer du meg?»
5 «Kven er du, Herre?» spurde Saulus. Han svara: «Eg er Jesus, han som du forfølgjer.
6 Stå opp og gå inn i byen! Der skal dei seia deg kva du skal gjera.»
7 Mennene som følgde han, stod mållause; dei høyrde røysta, men såg ikkje nokon.
8 Saulus reiste seg opp, men då han opna auga, kunne han ikkje sjå. Så tok dei han i handa og leidde han inn til Damaskus.
9 I tre dagar sat han der utan å sjå noko, og han verken åt eller drakk.
10 I Damaskus var det ein læresvein som heitte Ananias. I eit syn sa Herren til han: «Ananias!» Han svara: «Her er eg, Herre.»