18 Har han gjort deg urett, eller skuldar han deg noko, så før det på mi rekning!
19 Dette skriv eg, Paulus, med eiga hand: Eg skal betala. Eg vil ikkje nemna det du skuldar meg: deg sjølv.
20 Ja, bror, lat meg ha nytte av deg i Herren! Gjer mitt hjarte roleg i Kristus!
21 I tiltru til din lydnad skriv eg dette til deg; eg er sikker på at du vil gjera endå meir enn det eg bed deg om.
22 Og ein ting til: Gjer klart gjesterommet til meg! For eg håpar at eg skal bli gjeven til dykk som svar på bønene dykkar.
23 Epafras, som er i fengsel saman med meg for Kristi Jesu skuld, helsar deg.
24 Det gjer òg Markus, Aristarkos, Demas og Lukas, medarbeidarane mine.