2 og Appia, syster vår, og Arkippos, stridskameraten vår, og forsamlinga som kjem saman i huset ditt:
3 Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!
4 Eg takkar alltid min Gud når eg hugsar på deg i bønene mine.
5 For eg høyrer om kjærleiken din til alle dei heilage og om trua di på Herren Jesus.
6 Eg bed om at den trua som du har felles med oss, må vera verksam, så du kan skjøna alt det gode vi har i Kristus.
7 Kjærleiken din har vore ei stor glede og ei trøyst for meg, kjære bror, og dei heilage har kjent seg styrkte takka vere deg.
8 I Kristus kunne eg nok med full rett påleggja deg å gjera di plikt.