11 fylte av rettferds frukt som veks fram ved Jesus Kristus, til lov og ære for Gud.
12 Eg vil de skal vita, sysken, at det som har hendt meg, har tent til framgang for evangeliet.
13 For det er kjent i heile borga og mellom alle dei andre at det er for Kristi skuld eg ber lenkjer.
14 På grunn av desse lenkjene har dei fleste av syskena våre fått større tillit til Herren, så dei med endå større frimod enn før vågar å forkynna Ordet.
15 Somme gjer det nok av misunning og stridslyst, men andre forkynner Kristus av god vilje.
16 Dei gjer det av kjærleik, for dei veit eg er sett til å forsvara evangeliet.
17 Men dei andre gjer det for å hevda seg sjølve. Dei har ikkje godt i sinne og trur dei kan gjera lenkjene mine tyngre å bera.