14 På grunn av desse lenkjene har dei fleste av syskena våre fått større tillit til Herren, så dei med endå større frimod enn før vågar å forkynna Ordet.
15 Somme gjer det nok av misunning og stridslyst, men andre forkynner Kristus av god vilje.
16 Dei gjer det av kjærleik, for dei veit eg er sett til å forsvara evangeliet.
17 Men dei andre gjer det for å hevda seg sjølve. Dei har ikkje godt i sinne og trur dei kan gjera lenkjene mine tyngre å bera.
18 Men kva gjer det? Kristus blir i alle tilfelle forkynt, om det er med baktankar eller i sanning, og det gleder eg meg over.Ja, eg skal få endå meir å gleda meg over!
19 For eg veit at dette skal bli mi redning, ved dykkar bøner og hjelpa frå Jesu Kristi Ande.
20 Min lengt og mitt håp er at eg ikkje skal bli til skamme på noko vis, men at Kristus, no som alltid, skal opphøgjast for auga på alle ved min kropp, anten det blir liv eller død.