26 Då skal de få rikeleg grunn til å vera glade og stolte i Kristus Jesus for mi skuld, når eg på nytt kjem til dykk.
27 Så gjeld det berre at de lever eit liv som er Kristi evangelium verdig. Om eg sjølv kjem og ser dykk, eller om eg er borte, så lat meg få høyra at de står saman i éi ånd, kjempar med eitt sinn for trua på evangeliet
28 og ikkje på nokon måte lèt dykk skremma av motstandarane. Dette er eit teikn frå Gud, eit teikn som varslar fortaping for dei, men frelse for dykk.
29 For den nåden er gjeven dykk for Kristi skuld, ikkje berre å tru på han, men òg å lida for han.
30 De står i same striden som de såg at eg stod i, og som de no høyrer at eg framleis står i.