3 Eg takkar alltid min Gud når eg tenkjer på dykk.
4 Og alltid, i alle mine bøner, bed eg for dykk alle med glede.
5 For heilt frå første dagen og fram til no har de hatt del med meg i evangeliet.
6 Og eg er viss på at han som tok til med si gode gjerning i dykk, skal fullføra henne – heilt til Jesu Kristi dag.
7 Med rette tenkjer eg slik om dykk alle, for eg ber dykk i hjartet. Både når eg er i lenkjer, og når eg forsvarar og stadfester evangeliet, har de alle fellesskap med meg i nåden.
8 Ja, Gud er mitt vitne, eg lengtar etter dykk alle med Kristi Jesu hjartelag.
9 Og dette bed eg om, at kjærleiken dykkar må bli rikare og rikare på dømmekraft og innsikt,