16 når de held fast på livsens ord, og då skal eg få den ros på Kristi dag at løpet mitt og strevet mitt ikkje har vore bortkasta.
17 Ja, om så eg sjølv skal ofrast når eg gjer altarteneste og ber dykkar tru fram som offer, er eg likevel glad og gleder meg saman med dykk alle.
18 Like eins skal de òg vera glade og gleda dykk saman med meg.
19 I Herren Jesus har eg den vona at eg snart kan senda Timoteus til dykk, så eg òg kan få nytt mot når eg får høyra korleis det går med dykk.
20 Eg har ingen som han, ingen som så ærleg kan ha omsorg for dykk.
21 Alle dei andre søkjer sitt eige, ikkje Jesu Kristi sak.
22 Men de veit at Timoteus har stått si prøve. Han har arbeidd for evangeliet saman med meg, slik ein son hjelper far sin.