2 så gjer mi glede fullkomen: Ha same sinnelaget og same kjærleiken, ver eitt i sjel og sinn.
3 Gjer ikkje noko av sjølvhevding eller lyst til tom ære, men ver audmjuke og set dei andre høgare enn dykk sjølve.
4 Tenk ikkje berre på dykkar eige beste, men òg på det som er godt for dei andre.
5 Lat det same sinnelaget vera i dykk som òg var i Kristus Jesus!
6 Han var i Guds skapnadog såg det ikkje som eit rovå vera Gud lik,
7 men gav avkall på sitt eige,tok ein tenars skapnadog vart menneske lik.Då han stod fram som menneske,
8 fornedra han seg sjølvog vart lydig til døden, ja, døden på krossen.