20 Eg har ingen som han, ingen som så ærleg kan ha omsorg for dykk.
21 Alle dei andre søkjer sitt eige, ikkje Jesu Kristi sak.
22 Men de veit at Timoteus har stått si prøve. Han har arbeidd for evangeliet saman med meg, slik ein son hjelper far sin.
23 Eg vonar eg kan senda han til dykk så snart eg ser korleis det går med saka mi,
24 men i Herren veit eg at eg snart skal koma sjølv.
25 Eg har òg funne det naudsynt å senda Epafroditus tilbake til dykk. Han er min bror og medarbeidar og stridskamerat, og han var dykkar utsending som skulle hjelpa meg med det eg trong.
26 Han lengta etter dykk alle og var uroleg fordi de hadde høyrt at han var sjuk.