9 Difor har òg Gudopphøgd han til det høgsteog gjeve han namnet over alle namn.
10 I Jesu namn skal diforkvart kne bøya seg,i himmelen, på jorda og under jorda,
11 og kvar tunge vedkjennaat Jesus Kristus er Herre,til Gud Faders ære!
12 Mine kjære, de var alltid lydige medan eg var hos dykk. Så ver det endå meir no når eg er borte, og arbeid på dykkar frelse med respekt og ærefrykt.
13 For det er Gud som er verksam i dykk, så de både vil og gjer det som er etter Guds gode vilje.
14 Gjer alt utan murring og misnøye,
15 så de kan vera lytefrie og reine, Guds ulastelege born midt i ei vrang og villfaren slekt. Mellom dei skin de som stjerner på nattehimmelen