12 Eg meiner ikkje at eg alt har nådd dette, eller alt er fullkomen, men eg jagar etter det for å gripa det, for eg er sjølv gripen av Kristus Jesus.
13 Mine sysken, eg trur ikkje om meg sjølv at eg har gripe det, men eitt gjer eg: Eg gløymer det som ligg bak, og strekkjer meg mot det som er framanfor,
14 og jagar fram mot målet, mot den sigersprisen som Gud frå det høge har kalla oss til i Kristus Jesus.
15 Lat oss sjå det på denne måten, alle vi som har nådd fram til mognad. Og er det noko de ser annleis på, skal Gud òg openberra dette for dykk.
16 Lat oss berre, så langt vi er komne, halda fram i same sporet!
17 Følg føredømet mitt, sysken, og sjå opp til dei som lever etter det førebiletet de har i oss.
18 For som eg har sagt dykk mange gonger før, og no seier med tårer i auga: Mange lever som fiendar av Kristi kross.