2 Hald auge med hundane, hald auge med dei vonde arbeidarane, hald auge med dei som skamskjer seg.
3 For det er vi som er dei omskorne. Vi gjer teneste ved Guds Ande, vi er stolte i Kristus Jesus og set ikkje vår lit til det ytre.
4 Eg har rett nok mykje å setja mi lit til, ytre sett. Om nokon meiner han kan lita på det ytre, kan eg det endå meir.
5 Eg er omskoren åttande dagen, eg er av Israels folk og Benjamins stamme, hebrear av hebrearar, lovlydig farisear,
6 brennande ivrig forfølgjar av kyrkja og ulasteleg i rettferd etter lova.
7 Men alt dette eg såg som vinning, det reknar eg no for Kristi skuld som tap.
8 Ja, eg reknar alt som tap mot det som er så mykje meir verdt: å kjenna Kristus Jesus, min Herre. For hans skuld har eg tapt alt, og eg reknar det som skrap så eg kan vinna Kristus