1 Difor, mine sysken, som eg elskar og lengtar etter, mi glede og min sigerskrans, stå faste i Herren, mine kjære!
2 Eg påminner Evodia, og Syntyke like eins: De må bli samde i Herren!
3 Og eg bed deg, du som med rette heiter Synzygos, at du må hjelpa desse to. For dei har stridd med meg for evangeliet, saman med Klemens og dei andre medarbeidarane mine, dei som har namna sine skrivne i livsens bok.
4 Gled dykk alltid i Herren! Endå ein gong vil eg seia: Gled dykk!
5 Lat alle menneske få kjenna kor godhjarta de er. Herren er nær.