2 Eg påminner Evodia, og Syntyke like eins: De må bli samde i Herren!
3 Og eg bed deg, du som med rette heiter Synzygos, at du må hjelpa desse to. For dei har stridd med meg for evangeliet, saman med Klemens og dei andre medarbeidarane mine, dei som har namna sine skrivne i livsens bok.
4 Gled dykk alltid i Herren! Endå ein gong vil eg seia: Gled dykk!
5 Lat alle menneske få kjenna kor godhjarta de er. Herren er nær.
6 Ver ikkje urolege for noko! Men legg alt de har på hjartet, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing.
7 Og Guds fred, som går over all forstand, skal vara dykkar hjarte og tankar i Kristus Jesus.
8 Til slutt, sysken: Alt som er sant, og alt som er ære verdt, alt som er rett, og alt som er reint, alt som er verdt å elska, og alt som er verdt å akta, ja, alt som er til glede og alt som fortener ros, legg vinn på det!