8 Til slutt, sysken: Alt som er sant, og alt som er ære verdt, alt som er rett, og alt som er reint, alt som er verdt å elska, og alt som er verdt å akta, ja, alt som er til glede og alt som fortener ros, legg vinn på det!
9 Det som de har lært, og det de har teke imot, det de har sett og det de har høyrt av meg, gjer alt dette – og fredens Gud skal vera med dykk.
10 Det gleder meg storleg i Herren at dykkar omsorg for meg no skyt nye skot. De har nok hatt omtanke for meg før òg, men då hadde de ikkje høve til å gjera noko med det.
11 Eg seier ikkje dette fordi eg leid naud, for eg har lært å klara meg med det eg har.
12 Eg veit kva det er å ha lite,eg veit kva det er å ha overflod.I alt og i alle ting er eg innvigd,å vera mett og vera svolten,å ha overflod og ha for lite.
13 Alt maktar eg i han som gjer meg sterk.
14 Likevel gjorde det meg godt at de stod saman med meg då eg var i naud.