1 Fjorten år etter drog eg på nytt opp til Jerusalem, saman med Barnabas; eg hadde òg Titus med meg.
2 Eg reiste dit på grunn av ei openberring. Og i eit særskilt møte med dei mest framståande la eg fram det evangeliet eg forkynner mellom folkeslaga. For eg ville ikkje springa, eller ha sprunge, til inga nytte.
3 Men ikkje eingong Titus, som var med meg, og som er grekar, vart nøydd til å la seg omskjera.
4 Det kravet kom frå nokre falske sysken som hadde lurt seg inn; dei ville spionera på den fridomen vi har i Kristus Jesus, for å gjera oss til slavar.
5 Men ikkje ein augneblink gav vi etter og bøygde oss for dei. For vi ville at sanninga i evangeliet skulle stå fast hos dykk.