3 Men ikkje eingong Titus, som var med meg, og som er grekar, vart nøydd til å la seg omskjera.
4 Det kravet kom frå nokre falske sysken som hadde lurt seg inn; dei ville spionera på den fridomen vi har i Kristus Jesus, for å gjera oss til slavar.
5 Men ikkje ein augneblink gav vi etter og bøygde oss for dei. For vi ville at sanninga i evangeliet skulle stå fast hos dykk.
6 Og dei som gjekk for å vera noko – kor store dei var, er det same for meg, for Gud gjer ikkje forskjell på folk – dei la ikkje nye krav på meg.
7 Tvert imot skjøna dei at det var tiltrudd meg å forkynna evangeliet for dei uomskorne, slik det var tiltrudd Peter å forkynna for dei omskorne.
8 For han som med si kraft gjorde Peter til apostel for dei omskorne, han gjorde meg til apostel for heidningfolka.
9 Og då Jakob, Kefas og Johannes, dei som blir rekna for å vera sjølve søylene, skjøna kva nåde eg hadde fått, gav dei meg og Barnabas handa til teikn på fellesskap. Vi skulle gå til heidningfolka, dei skulle gå til dei omskorne.