5 Men ikkje ein augneblink gav vi etter og bøygde oss for dei. For vi ville at sanninga i evangeliet skulle stå fast hos dykk.
6 Og dei som gjekk for å vera noko – kor store dei var, er det same for meg, for Gud gjer ikkje forskjell på folk – dei la ikkje nye krav på meg.
7 Tvert imot skjøna dei at det var tiltrudd meg å forkynna evangeliet for dei uomskorne, slik det var tiltrudd Peter å forkynna for dei omskorne.
8 For han som med si kraft gjorde Peter til apostel for dei omskorne, han gjorde meg til apostel for heidningfolka.
9 Og då Jakob, Kefas og Johannes, dei som blir rekna for å vera sjølve søylene, skjøna kva nåde eg hadde fått, gav dei meg og Barnabas handa til teikn på fellesskap. Vi skulle gå til heidningfolka, dei skulle gå til dei omskorne.
10 Men vi måtte hugsa på dei fattige, og akkurat det har eg lagt vinn på å gjera.
11 Men då Kefas kom til Antiokia, sa eg han imot, beint opp i andletet, for oppførselen hans dømde han.