1 Uvituge galatarar! Kven har forheksa dykk, de som har fått Jesus Kristus måla for auga som den krossfeste?
2 Svar meg på ein ting: Var det ved lovgjerningar de fekk Anden, eller ved å høyra og tru?
3 Er de så vitlause? De tok til ved Anden, vil de no fullføra med kjøtet?
4 Har de opplevd alt dette til inga nytte – om det då verkeleg er til inga nytte?
5 Han som gjev dykk Anden og gjer under mellom dykk, gjer han det ved lovgjerningar eller ved at de høyrer og trur?
6 Om Abraham heiter det: Han trudde Gud, og difor rekna Gud han som rettferdig.