6 Om Abraham heiter det: Han trudde Gud, og difor rekna Gud han som rettferdig.
7 Så skjønar de at det er dei som trur, som er Abrahams born.
8 Skrifta såg før det hende at Gud ville rettferdiggjera heidningane ved tru, og på førehand forkynte ho denne gode bodskapen for Abraham: I deg skal alle folkeslag velsignast.
9 Difor blir dei som trur, velsigna saman med den truande Abraham.
10 Men dei som held seg til lovgjerningar, er under forbanning. For det står skrive: Forbanna er kvar den som ikkje held fast på alt det som står skrive i lovboka, og gjer etter det.
11 Det er klårt at ingen blir rettferdig for Gud ved lova, for det står skrive: Den rettferdige skal leva ved tru.
12 Lova spør ikkje etter tru, men seier: Den som lever etter boda, skal ha liv ved dei.