8 Skrifta såg før det hende at Gud ville rettferdiggjera heidningane ved tru, og på førehand forkynte ho denne gode bodskapen for Abraham: I deg skal alle folkeslag velsignast.
9 Difor blir dei som trur, velsigna saman med den truande Abraham.
10 Men dei som held seg til lovgjerningar, er under forbanning. For det står skrive: Forbanna er kvar den som ikkje held fast på alt det som står skrive i lovboka, og gjer etter det.
11 Det er klårt at ingen blir rettferdig for Gud ved lova, for det står skrive: Den rettferdige skal leva ved tru.
12 Lova spør ikkje etter tru, men seier: Den som lever etter boda, skal ha liv ved dei.
13 Men Kristus kjøpte oss fri frå forbanninga under lova då han kom under forbanning for vår skuld. For det står skrive: Forbanna er kvar den som heng på eit tre.
14 Slik skulle Abrahams velsigning koma til folkeslaga i Kristus Jesus, så vi ved trua skulle få Anden som var lova.