20 – eg skulle ønskja eg var hos dykk så eg kunne bruka ein annan tone når eg talar, for eg veit inga råd med dykk.
21 Sei meg, de som vil vera under lova: Høyrer de ikkje på lova?
22 Det står skrive at Abraham hadde to søner, ein med slavekvinna og ein med den frie kvinna.
23 Son til slavekvinna er fødd etter naturens orden, medan son til den frie kvinna er fødd etter Guds lovnad.
24 Dette har ei djupare meining. Dei to kvinnene står for to pakter. Den eine, Hagar, er pakta frå Sinai-fjellet; ho føder til slaveri.
25 Hagar står for Sinai-fjellet i Arabia og svarar til det noverande Jerusalem, som lever i slaveri med borna sine.
26 Men det Jerusalem som er i det høge, er fritt, og det er vår mor. For det står skrive: