26 Men det Jerusalem som er i det høge, er fritt, og det er vår mor. For det står skrive:
27 Gled deg, du barnlause, som ikkje fødde. Bryt ut i jubel, du som ikkje fekk rier. For den einslege kvinna har fleire born enn ho som har mann.
28 Og de, sysken, er born ut frå lovnaden liksom Isak.
29 Men han som var fødd etter naturens orden, forfølgde den gongen han som var fødd ved Anden, og slik er det i dag òg.
30 Men kva seier Skrifta? Driv bort slavekvinna og son hennar! For son til slavekvinna skal ikkje arva saman med son til den frie kvinna.
31 Difor, sysken, er vi ikkje born av slavekvinna, men av den frie kvinna.