6 Og sidan de er born, har Gud sendt sin Sons Ande inn i hjarta våre, og Anden ropar: «Abba, Far!»
7 Difor er du ikkje lenger slave, men son. Og er du son, då er du òg arving, innsett av Gud.
8 Den tid de ikkje kjende Gud, var de slavar under gudar som ikkje er verkelege gudar.
9 Men no når de kjenner Gud – nei, meir enn det, når de er kjende av Gud – korleis kan de no på nytt venda attende til desse veike og fattige grunnkreftene? Vil de på nytt vera slavar under dei?
10 De held nøye rekning med dagar og månader, høgtider og år!
11 Eg er redd at eg har streva med dykk til inga nytte.
12 Eg bed dykk, sysken: Ver som eg, for eg har vorte som de er! De har ikkje gjort urett mot meg.