9 Men no når de kjenner Gud – nei, meir enn det, når de er kjende av Gud – korleis kan de no på nytt venda attende til desse veike og fattige grunnkreftene? Vil de på nytt vera slavar under dei?
10 De held nøye rekning med dagar og månader, høgtider og år!
11 Eg er redd at eg har streva med dykk til inga nytte.
12 Eg bed dykk, sysken: Ver som eg, for eg har vorte som de er! De har ikkje gjort urett mot meg.
13 For de veit at det var på grunn av ein sjukdom eg fekk forkynna evangeliet for dykk første gongen.
14 Men de lét dykk ikkje freista av dette til å forakta eller avsky meg; de tok imot meg som ein engel frå Gud, ja, som Kristus Jesus sjølv.
15 Men kvar har gleda dykkar no vorte av? Det vitnemålet gjev eg dykk at de gjerne hadde rive ut auga og gjeve meg, om det lét seg gjera.