12 Må dei berre skjera av seg alt saman, dei som spreier uro mellom dykk!
13 De er kalla til fridom, sysken. Lat berre ikkje fridomen bli eit påskot til å gjera det kjøtet vil, men ten kvarandre i kjærleik.
14 For heile lova er oppfylt i dette eine bodet: Du skal elska nesten din som deg sjølv.
15 Men når de bit og glefser etter kvarandre, så pass på at de ikkje et kvarandre opp!
16 Eg seier dykk: Lev eit liv i Anden! Då følgjer de ikkje dei vonde lystene i dykkar kjøt og blod.
17 For det kjøtet vil, står Anden imot, og det Anden vil, står kjøtet imot. Dei to ligg i strid med kvarandre, så de ikkje kan gjera det de vil.
18 Men blir de drivne av Anden, då er de ikkje under lova.